Kva har vi betalt med i Noreg gjennom historia?

Pengar har eksistert i tusenvis av år, men vi har ikkje alltid hatt kronestykke.
Før helga kom nyheita om at ein sjeldan Olav den heilage-mynt er funnen. Olav den heilage var konge i Noreg frå år 1015 til 1028. På denne tida begynte norske kongar å lage norske myntar. Viss du ser på ein mynt i dag, finn du bilde av kong Harald 5., som døydde i år.
Dei eldste myntane i verda er frå kongeriket Lydia på slutten av 600-talet før vår tidsrekning. Lydia låg i det som er Tyrkia i dag. Desse første myntane var ei blanding av gull og sølv.
I Noreg i dag er kronestykka laga av ei blanding av kopar og nikkel. Men det er ikkje sikkert du har kontantar i ei lommebok. I dag betaler vi like gjerne med eit bankkort eller med mobilen. Slik har det ikkje alltid vore. Korleis har vi i Noreg betalt for ting gjennom historia?
Frå byting av varer til Olav Tryggvason-mynt
Det har budd menneske i Noreg sidan steinalderen, rundt år 9000 før vår tidsrekning. Før det blei vanleg med myntar som betaling, skaffa folk seg nye ting ved å byte.
Til dømes skriv Store norske leksikon at folk på store gardar i jernalderen sannsynlegvis bytte korn med pelsvarer. Pelsvarene kunne dei byte vidare i andre varer frå romarriket som nådde Noreg. Jernalderen varte frå år 500 før vår tidsrekning til år 1050 etter vår tidsrekning.
Vikingane heldt fram med å byte varer, men brukte også sølv til å betale med. Dei hakka opp sølv eller klipte opp nokre betalingsringar i sølv.
Den første norske mynten var ein sølvpenning . Olav Tryggvason fekk laga mynten etter at han blei konge i år 995.
På mynten stod det: «Olav nordmennenes konge». Sidan har vi hatt mange ulike kongar, og mange ulike myntar.
Meir enn 5000 vikingmyntar var grave ned i åker
I april i år blei Noregshistorias største myntskatt frå vikingtida funnen. Meir enn 5000 sølvmyntar var grave ned på ein åker på Mørstad i Åmot kommune.
Skatten viser at pengane i vikingtida kom frå både England, Tyskland og Danmark, i tillegg til Noreg. Fire av dei norske myntane i funnet blei laga mens Harald Hardråde var konge frå år 1045 til 1066.
Arkeologane er ikkje ferdige med å grave ut Mørstad-skatten. Før helga kom nyheita om at ein av myntane i åkeren, er ein svært sjeldan Olav den heilage-mynt.
– Det var ein helt unik og uventa augneblink. Dette er førebels det viktigaste funnet i skatten og ein helt ikonisk gjenstand, sa arkeolog Anne Skogsfjord til NRK.
Kven veit, kanskje den aller første Olav Tryggvason-mynten også ligg gøymd i potetåkeren.
Frå Danmark og dalar til norske kroner
I 1537 blei Noreg lagt under Danmark. Då fekk vi ein ny peng, nemleg dalar . Namnet kjem frå den tyske mynten taler, som også har gitt namn til amerikanske dollar.
Ein dalar kunne delast opp i myntane mark og skilling. Du har kanskje høyrt ordet skilling før? Skillingsbollen, som er ein bergensk kanelbolle, har nemleg namnet sitt frå denne mynteininga.
Som ein del av Danmark-Noreg, fekk vi også våre første pengesetlar. Men setlane var visstnok ikkje populære hos bøndene. Dei ville heller ha sølvmyntar enn papirsetlar.
I 1814 var ikkje Noreg lenger i union med Danmark. I 1875 bestemte Noreg seg for å bruke kroner og øre. Slik er det framleis den dag i dag.
Frå dyrt metall til at vi er einige om verdien
Penning, dalar, mark, skilling, kroner og øre. Kjært barn har hatt mange namn opp gjennom tidene.
Dei første pengane var laga av gull og sølv. I dag fungerer pengar slik at vi er einige i at dei runde metallstykka, eller tala på kontoen, har ein verdi.
Det er mindre vanleg å ha kontantar på seg, og kong Haakon 8. får truleg ikkje sin eigen mynt.
Om arkeologar i framtida finn ein myntskatt frå år 2026, vil den nok ikkje vere like omfangsrik som vikingmyntskatten på Mørstad.
Kjelde: Store norske leksikon
Vil droppe leksehjelp
Føreslår korleis milliardar av kroner skal brukast: Dette er statsbudsjettet
3 av 10 betaler med mobilen når dei handlar
Frå frø til mat på skulekjøkenet: – Eg får ei meistringskjensle
Tips frå barn til barn som vil smaka på nye ting:...
Derfor får ho Nobels fredspris for 2026


